arrangementer

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Digital samhandling Møt neste generasjon byggeprosesseksperter!

12. september 2018

CoP Digital samhandling prøver denne gongen noko heilt nytt. Rett og slett ei verdspremiere:

I august 2018 startar NTNU med et nytt studietilbod med base på NTNU Gjøvik: Digital byggeprosess. Både innhald og form skil seg klart frå alt vi har kunna tilby tidlegare. Dei første 10 kandidatane på dette masterstudiet møter CoP Digital samhandling for å presentere og demonstrere kva dei driv med i studiet – berre ein månad etter studiestart. Dette blir spennande og er aldri prøvd før. Det blir diskusjon om digital kompetanse for framtida.

I tillegg har vi to innleiingsforedrag:

John R. Moen, NKF, presenterer Avfallsfrie byggeplasser og korleis dette heng saman med digitalisering. Les meir her: http://www.kommunalteknikk.no/avfallsfrie-byggeplasser-mulig-aa-oppnaa.6027458.html

Randi Lekanger (Environmental Manager), Skanska følgjer opp og presenterer sine tankar om temaet frå entreprenørperspektiv.

Her kan du lese oppsummeringar frå tidlegare samlingar i CoP digital samhandling.

Eventuelle spørsmål kan stillast til:

Ole Jonny Klakegg, Prosjekt Norge

Ole.jonny.klakegg@ntnu.no

Mobil: 91733461

 

Detaljer

Dato:
12. september 2018