CoP Digital samhandling set fokus på hensikten med digitaliseringa

CoP Digitalisering besøkte i dag WSP og fekk presentert dilemma og problemstillingar som prosjektledelse står overfor i ein digital tidsalder. Per Christian Randgaard, regiondirektør i WSP og Måns Davidsson (WSP) sette dagsorden med tankevekkande og gode presentasjonar. Begge to var inne på årsaker til at BAE-næringa ikkje klarar å hente ut full effekt av digitaliseringsinnsatsen. Vi vil gjerne, men får det ikkje heilt til. Det finst mange gode nye verktøy, men vi må også skifte mindset, bygge kompetanse og utvikle kultur som tillet dei digitale hjelpemidlane å få full effekt. Eit dilemma som kan illustrere kor vanskeleg dette er i praksis er konflikten mellom datasikkerhet og full transparens. Diskusjonen som følgde etterpå viser at her er det mange utfordringar å ta tak i for Prosjekt Norge og partnerane.

Digitaliserings CoP-en har hatt mange ulike tema i løpet av dei fem møtene som har vore gjennomført hittil, og er dominert av bygg og anlegg. Dette faktum var sentralt i diskusjonen på slutten av arrangementet i dag der vegen vidare var sett på dagsorden. Professor Ole Jonny Klakegg fra Prosjekt Norge og NTNU presenterte resultatet av den vesle undersøkinga vi gjorde etter førre samling. Føremålet var å drøfte prioritering av tema som kan hjelpe oss å kome vidare og engasjere på tvers av bransjar. Deltakarane ga full tilslutning til måla med CoP som arena og at det er verd å halde fram. Å bestemme ei eintydig retning er derimot ikkje like lett, men det kom fram ei klar haldning om å fokusere på hensikten med digitalisering: den gode samhandlinga.

Ved å sette samhandlinga i sentrum vil tematikken naturleg kretse rundt dei problemstillingane som avgjer om vi får til dette i prosjekta. I tillegg til den digitale plattforma/verktøya og arbeidsprosessane som høyrer til, kjem også rammebetingelsane for å få til god samhandling, og ikkje minst den menneskelege faktoren. Neste møte i CoP Digital samhandling blir annonsert seinare.