Egil Skavang tar over roret i BAE-programmet

23 november, 2017

 Tysdag 21. november var det møte i styringsgruppa for BAE-programmet, tett etterfulgt av partnermøte («generalforsamling») med val av nye medlemmer i styringsgruppa. Trond Bølviken, Veidekke, har leia styringsgruppa i BAE-programmet sidan starten i 2014 og valde no å tre ut av styret. Trond har hatt ei stø hand på rattet og har gjort BAE-programmet til ein stor suksess i dei fire første åra sidan det vart etablert. Den viktigaste saka i denne perioden, ut over det å få programmet opp å stå og gjennomføre dei første FoU-prosjekta, har vore utvikling av strategien for programmet. Dette arbeidet toppa seg sommaren 2017 med møter med Kunnskapsministeren og ei rekkje innspel frå BAE-næringa til oppdateringa av Strategien for forsking og høgre utdanning. Programmet er no vel etablert og i godt gjenge.

                                                     Egil Skavang (foto: Tommy Larsen)

Egil Skavang, Arkitektbedriftene i Norge, overtek roret og skal føre skuta vidare inn i ei ny spennande fase. Sett frå BAE-programmet sin ståstad er utviklinga i strategien for Prosjekt Norge som vart nyutvikla i 2017 eit stort steg i rett retning. No skal det bli fart på læringa på tvers av ulike næringar – og BAE-programmet står klar til å delta aktivt i dette. Egil Skavang tok over som leiar av styringsgruppa i partnermøtet og ser fram til det første styringsgruppemøtet på nyåret med fleire nye medlemmer.

I partnermøtet tok BAE-programmet også avskjed med to av kontinuitetsbærarane frå den første fasen av programmet. Anita Moum, Sintef Byggforsk, takka av etter å først å ha vore heilt sentral i arbeidet med å etablere programmet alt før det vart ein realitet. Anita var også programleiar dei første to åra og har vore med i styringsgruppa dei siste to åra. Lars Kristian Hoberg har representert Statsbygg i alle dei fire åra programmet har eksistert. Han har delt av si breie erfaring og innsikt frå både olje og gass, bygg og anlegg, ikkje minst store komplekse prosjekt.  

BAE-programmet er takksam for innsatsen til Trond, Anita og Lars. Vi ser også fram til å bli kjent med dei nye medlemmene i styringsgruppa som kjem til neste år. Utskiftingane er resultat av bevisst balanse mellom kontinuitet og fornying. Egil vil stå som garantist for kombinasjonen kontinuitet og framoverlent haldning i tida framover.

Avtroppende styre i BAE Programmet

Bilede fra det gamle styret: Frå venstre mot høgre: Egil Skavang, Trond Bølviken, Anita Moum og Lars Kristian Hoberg. (foto: Ole Jonny Klakegg)